Jølstringen Hilde Marie Holsen er mellom dei mange tidlegare elevane som deltek på 40-års jubileet til musikklinja ved Firda vidaregåande skule i morgon.

– Blir ein veldig variert konsert

– Vi vil vise kva elevane arbeider med no, og kor langt tidlegare elevar har kome, seier Solfrid Bjørkum.

Avdelingsleiaren for musikk, dans og drama på Firda vidaregåande skule gleder seg til konserten i kultursalen i morgon kveld. Då kjem ei rekkje tidlegare elevar tilbake for å feire musikklinja sitt 40-års jubileum.

Vil vise breidda

– Det blir ein konsert der vi viser breidda i sjangrar, frå det klassiske, viseprega til rock. Det heile blir bunde saman av konferansier Linda Øvrebø, fortel Solfrid Bjørkum.

Musikklinja har hatt ei rekkje elevar som seinare er blitt profesjonelle musikarar. Fleire av desse deltek laurdag.

– Vi har ein haug tidlegare elevar å plukke av. Dei som er med her, har sjølve meldt si interesse, seier Bjørkum og legg til at det utelukkande blir noverande og tidlegare musikklinjeelevar som står på scena under jubileumskonserten.

Musikklinjekoret og «Hair»

Mellom dei publikum får sjå og høyre er jazzsongar og låtskrivar Vilde Skjerdal og jølstringen Hilde Marie Holsen, som med trompet og elektronikk har funne sin eigen veg mellom jazz, drone- og samtidsmusikk. Med blir også trompetist Per Håkon Oftedal, rockaren Torbjørn Gran, sopranen Nora Oleanne Sårheim og songar, saksofonist og kultursjef i Høyanger, Anita Nordheim. Sverre Sandvik vil ha ansvaret for lyden.

– Vi koplar noverande og tidlegare elevar og har mellom anna sett saman eit band. Musikklinjekoret blir sjølvsagt med, og det blir smakebitar frå musikalen «Hair». Eit par overraskingar blir det også, seier Bjørkum og legg til at det ikkje blir så mykje historie og tilbakeblikk i løpet av konserten:

– Det blir meir fokus på no og framover.