Bli betre kjend med visjonær sunnfjording på Boknatta

Jan Olav Gatland, som gav ut biografi om naustdølen Mons Litleré i fjor, kjem til Boknatta litteraturfestival i Fjærland. I år er Boknatta laurdag 1. juni.

Gatland skal fortelje historia om den tiltaksame og visjonære forlagsbokhandlaren frå Sunnfjord. Berre 20 år gamal starta han forlag og bokhandel i Bergen med tydeleg nynorskprofil.

I sitt unge liv klarte han å få både Arne Garborg og Knut Hamsun til å gje ut bøker på forlaget sitt. Berre 19 år gamal gav han ut to bøker med forteljingar av Bjørnstjerne Bjørnson på landsmål, den eine var Synnøve Solbakken. Han bygde opp eit unikt kontaktnett av forfattarar og andre kulturfolk på kort tid. Dette var ikkje berre lett for ein ung bygdegut, mange år før Bergensbanen vart fullført. Garborgs berømte «Kolbotnbrev» kom på Mons Litlerés forlag i 1890. Det var ungdommen frå Naustdal som overtydde Garborg om å gje ut boka. Dette var tekstar frå ei avis som litt omarbeidd vart til ei av Arne Garborg sine mest leste bøker. Same året kom romanen «Hjaa ho mor» hos Litleré samstundes med at ein dansk versjon kom ut på eit stort forlag i København.

På Mons Litlerés forlag kom det ut kring 115 bøker medan grunnleggjaren sjølv levde. Bøkene var romanar, skodespel, lyrikk og sakprosa om ulike emne. Mellom desse var «Segner fraa Sogn» av Olav Sande, bøker av Rasmus Løland, Hulda Garborg, Jens Tvedt og Hans Seland. Arne Garborg gav ut lesebok saman med Ivar Mortenson. Mons Litleré var den første ambisiøse nynorskforleggjaren som brøytte veg og slepte til forfattarar som seinare fekk ein lang karriere på andre forlag. Ved sida av forlag og bokhandeldrifta var han bladstyrar i avisa Firda i Bergen; ei anna avis enn ho vi kjenner i Førde. Her skreiv mellom andre Bjørnstjerne Bjørnson og Rasmus Steinsvik. Steinsvik starta ganske snart den første nynorske dagsavisa. Litleré døydde i 1895 berre 28 år gamal.

Boknatta inneheld også mellom anna øvingskonsert med Stardalen Mannskor i Hotel Mundal og konsert med Olav Stedje på torget.