Stogga ikkje for kontroll - vart innhenta

Ein bilførar vart innhenta då han ikkje stogga for Statens vegvesen sin kontroll på Kjøs natt til onsdag.

Vedkomande fekk åtvaring for dette. I tillegg måtte han rydde frontruta si før han fekk forlate kontrollplassen. Lastebilen var utstyrt med eit bord på dashbordet. Dette er ikkje lovleg.

Eit køyretøy vart avregistrert på grunn av manglende oppfølging av kontrollseddel. Køyretøyet hadde fått ein mangel som skulle etterkontrollerast og godkjennast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein sjåfør fekk mangel på lastsikringsutstyr for innfesting av konteinar og må på verkstad for å reparere dette.