Kontroll i Førde

Biltilsynet hadde fredag kveld kontroll av både tunge og lette køyretøy ved trafikkstasjonen i Førde.

Totalt var 44 tunge og 25 lette køyretøy innom kontrollplassen og av dei vart 3 tunge og 14 lette køyretøy kontrollert nærare.

Biltilsynet: Biltilsynet fann litt av kvart å sette fingeren på under kontrollen i førde fredag kveld.

To vart melde

To Førarar vart melde til Politiet, ein for manglande førarrett på køyretøyet han køyrde, og ein for manglande bremselys, ingen av bremselysa virka, begge førarane fekk i tillegg forbod mot å køyre vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire lette køretøy fekk bruksforbod. Ein lett motorsykkel fekk bruksforbod grunna støy, ein tilhengar fekk bruksforbod grunna manglar med bremser, bøygd drag og manglar med lysa. Eitt køyretøy fekk bruksforbod grunna manglande omregistrering her klarte førar å ordne opp på kontrollplassen alle var lette køyretøy. I tillegg fekk eitt vogntog bruksforbod grunna kraftig avrenning frå eitt fiskelass.

10 Køyretøy fekk sriftleg mangel på lysa. Det blir no mørkare om kveldane og Statens vegvesen oppmodar difor alle førarar om å kontrollere lysa før dei køyrer.