Biblioteket har opna att

Gloppen folkebibliotek opna dørene att onsdag 13. mai. Etter to månader der biblioteka har vore stengde for besøkande, er folk no velkomne for å låne og levere bøker, lydbøker og filmar.

Opningstidene på biblioteket på Byrkjelo vert dei same, og på Sandane noko endra, skriv biblioteket i ei pressemelding.

Det blir ei gradvis opning, med følgjande avgrensingar:


  • Korte besøk.

  • Maks 20 personar i biblioteket samstundes på Sandane. Maks 5 personar på Byrkjelo.

  • Born under 15 år må ha med seg føresette.

  • Berre 1 pc til nettbruk/utskrifter (ikkje speling). Reinhald/spriting etter kvar brukar.

  • Høve til å bestille bøker, lydbøker og filmar på førehand, som vanleg

  • Fjernlån: Det er også ope for å bestille bøker frå andre bibliotek. Dette kan ta noko lengre tid enn normalt. Du kan gjerne bestille sjølv via bibsok.no, eller biblioteket bestiller for deg.

  • Studierom og grupperom på Sandane: Avgrensa tal plassar. Høve til å bestille på førehand.


Som overalt i desse dagar, er smittevernet sentralt. Besøkande vert oppmoda om bruk av handsprit og å halde avstand til andre på minst éin meter. Innleverte bøker blir sette i karantene. Ein oppmodar om god handhygiene når ein tek i bøker og anna utlånsmateriale. Dersom nokon har luftvegssymptom ber vi om at vedkomande ikkje besøker biblioteket. Dei som ikkje ønskjer å gå inn i lokalet, kan få levert bøker ved utgangsdøra. Gloppen Frivilligsentral tilbyr heimkøyring.

Nokre tenester vert heilt stengde inntil vidare: Ikkje høve til vanlege klasse- og barnehagebesøk før sommarferien. Tilsette kan tinge bokkasser, eller kome og gjere utvalet sjølv. Likeeins er det sjølvbetente utlånet stengt. Sosiale aktivitetar som å spele spel, bygge duplo, drikke kaffi er det ikkje høve til.

Vi veit at svært mange har sakna bibliotekbesøka, og dei tilsette har verkeleg sakna dei besøkande!

Mange har i denne koronatida nytta seg av biblioteket sine digitale tilbod, som e-bokappen BookBites, avis- og bladtilbodet Pressreader, kortfilm-appen Filmbib og tilbod frå Nasjonalbiblioteket på nb.no. Tilbodet om bestill og hent har og vore mykje nytta.

Trass i ulike avgrensingar er det er svært gledeleg at dørene no kan opnast igjen, og folk kan kome inn.  Gloppen folkebibliotek har ei brei og aktuell mediesamling, og som absolutt kan gje mest nytte og glede ved å vere i aktiv bruk. Så – velkommen!