Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Avdukar nytt skilt

Fylkesvegen mellom Hyen og Storebru.

Avdukar nytt skilt

Ordførarane frå både Florø og Gloppen vil vere til stades når dei i Hyen måndag kveld skal avduke eit heilt nytt skilt.

Etter at fylkesveg 615 frå Hyen til Storebru sist i april vart kåre til Noregs nest verste veg av NRK, har dei på strekninga funne ut at dette må markerast. No er skiltet «Noregs nest verste veg» klart, og måndag kveld skal det avdukast.

Ope møte
Alt i mars i fjor sende styret i Midtvegen 615 søknad til Stryn kommune om å få ta over skiltet om «Noregs verste veg» som hadde stått på ein vegg i Olden, og skildra vegstrekninga på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Det skulle dei få, når siste parsellen på fylkesvegen stod ferdig. Det gjorde den i mars i år. No er skiltet omarbeidd etter NRK-kåringa og hengt opp i Hyen.

Samtidig inviterer styret i Midtvegen 615 AS til eit ope møte om fylkesvegstrekninga der fokus er status for vegen etter vedtak om Regional Transportplan på tampen av fjoråret. I tillegg til dei to ordførarane vil også leiaren i samferdsleutvalet i fylket, Noralv Distad, vere tilstades å svare på spørsmål.

Møtet vert på Hyen samfunnshus, og når orienteringane er ferdige er det altså klart for avduking før det vert kaffe og stor marsipankake. Deretter held Midtvegen 615 AS generalforsamling.

Verdens lengste
I indre er dei ikkje heilt ferdige med fv 60. Samstundes som rv 60 mellom Olden og Innvik stod ferdig og vart opna i mars hadde lokale eldsjeler fått opp eit nytt brunt attraksjonsskilt på ein vegg over Storebrua ved Brubakk i Hornindal. Her ønskjer dei bilistane velkomne til «verdens lengste berg og dalbane» – Grodås – Møre grense.