Naudetatane rykte ut til arbeidsuhellet ved kraftanlegget

Arbeidsuhell ved kraftanlegg

Ved Jølstra Kraft AS sitt anlegg i Stakaldefossen ved Moskog, var det på føremiddagen eit arbeidsuhell der ein arbeidar fekk ein stein over seg. 

Ambulanse er framme på staden, men skadeomfanget er ukjent i hendinga som vart meld inn kl. 11.00. Ulukka skjedde inne i tunnelen som er under arbeid i samband med kraftanlegget.