Fastlege Bjørn Roth-Andenæs håpar at mange vil ta turen innom legesenteret komande tysdag for å ta meslingvaksine.

Anbefaler 50-åringar å ta vaksine

Gloppen legesenter held ope komande tysdag ettermiddag for dei som vil kome innom og ta vaksine mot meslingar.

Det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet innførte meslingvaksine for eittåringar i 1969. Før dette var meslingar ein nokså vanleg sjukdom, der ein kvart tredje år hadde store meslingepidemiar. Ein antar at om lag 95 prosent av befolkninga før 1960 har hatt sjukdomen.

1960-1969

Har du først hatt sjukdomen, er du beskytta og treng ikkje vaksine.

Etter at vaksinen vart innført i 1969, sank tal tilfelle av sjukdomen. Derfor er det ein viss sjanse for at dei som er fødde mellom 1960 og 69, ikkje er beskytta fordi dei verken er blitt eksponerte for sjukdomen eller har fått vaksine. Folkehelseinstituttet tilrår alle som er fødde i dette tidsrommet om å ta MMR-vaksine (Meslingar, Kusma og Raude Hundar), om ein er i tvil om ein har hatt sjukdomen.

Ingen auka risiko for biverknadar

Fastlege ved Gloppen legesenter, Bjørn Roth-Andenæs, seier at det ikkje er nokon auka risiko for biverknadar ved å ta vaksinen for andre gong.

– Om du er usikker på om du har fått MMR-vaksinen, ta ein tur innom oss på tysdag. Det kostar deg 150 kroner å ta den, men då er du beskytta mot sjukdomen, i tillegg til at du er med på å halde beskyttelsen oppe i befolkninga.

Har du ikkje tid eller høve tysdag, kan du bestille deg time på legesenteret for å få tatt den, opplyser han.

Meslingar på veg tilbake

Meslingar er av dei mest smittsame infeksjonssjukdomane vi har, og i Europa har det dei siste tre åra vore fleire tilfelle av utbrot, særleg i Romania, Tyskland, Frankrike og Italia.

På verdsbasis er dette framleis ei stor dødsårsak blant born.