Alt klart for heving av bil i Jølstravatnet

Vest politidistrikt har fått finansiering til heving av bilen som blei teken av ras i Jølster 30. juli i år. Viss alt går etter planen, startar arbeidet 11. november, skriv politidistriktet i ei pressemelding. 

Politidirektoratet har innvilga Vest politidistrikt sin søknad om tilleggsløyving til arbeidet med å heve bilen som no ligg på rundt 170 meters djup, 660 meter ute i Jølstravatnet. Ein person er i etterkant av raset stadfesta omkomen.

– Dette er ei sak som har ramma eit heilt lokalsamfunn. Det har gått tid å få svar på om bilen vil bli heva, og dette har sjølvsagt vore ei ekstra belastning for dei pårørande. Derfor er det veldig bra at vi no kan gå i gang med jobben og at pengar til heving er stilte til disposisjon, seier leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, i pressemeldinga.

Arbeidet med å heve bilen har vore ute på anbod. Politiets Fellestjenester (PFT) mottok fire tilbod i anbodskonkurransen. Norwegian Tunnel Inspection AS blei tildelt kontrakten og totalpris for oppdraget er 991 113 kroner (eks. mva).

Kontrakt vil bli signert neste veke. Vest politidistrikt har vore i kontakt med selskapet som anslår at dei vil starte arbeidet med rigging frå måndag 11. november. Det er vanskeleg å anslå nøyaktig kor lang tid det vil ta å heve bilen, men viss alt går etter planen, er det venta å ta rundt 14 dagar.

– Detaljar rundt hevingsarbeidet, korleis det vil bli gjennomført og kor raskt vi kan kome i gang, er spørsmål vi skal diskutere med leverandøren. Vi håpar å kome raskt i gang, men det viktigaste er at arbeidet blir forsvarleg gjennomført og med den verde eit slikt oppdrag krev, seier Johannessen.