Desse var til stades: F.v.: Anne Elisabeth Roset, Saron Beyene, Elin Kleppe Birkeland, Nikolai Takle, Markus Sægrov Djupvik, Ruben Kandal, Bartek Kozicz, Ole Kristian Roset og Ahmad Bakri. Bak står Eli Jorunn Roset og Roger Aa Djupvik. Foto: Gro Pleym Iversen.

Dette er årets Fair play-lag i STIL

Kan sjå fram til pizzakveld.

Juryen valde G/J12 år til årets Fair play-lag i STIL. – Vi har lagt vekt på å vise respekt for kvarandre, motspelarar og dommarar, seier Roger Aa Djupvik.

Han er ein av trenarane saman med Anders Takle og Ole Dan Fuglestrand, med Elin Jorunn Roset som lagleiar. I pausen i kampen mellom Sandane og Bremanger opplyste Fair play-leiar Ragnhild Gundersen at juryen hadde kåra G/J12 år til årets Fair play-lag i STIL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blanda lag

Før årets sesong oppstod ein situasjon der tre-fire jenter stod utan både trenings- og kamptilbod. Då opna apparatet rundt G12 år for at desse jentene kunne få vere med dei. I periodar har talet jenter vore opp i fem-seks.

– Både apparatet rundt laget og spelarane har teke imot jentene på ein imponerande måte. Det har vore ekstra fokus på at alle skal føle seg inkluderte, og det har fleire kveldar vore arrangert felles kveldsmåltid etter trening. Då har Fair play vore oppe som tema, fortalde Gundersen.

– Vi har lagt vekt på at vi skal vise respekt for kvarandre, for motspelarar og dommarar, fortel Roger Aa Djupvik.

Fungert fint

Han fortel at det har fungert fint å ha eit blanda lag, og at dei har fokusert ein god del på det sosiale der alle skal vere inkluderte.

– Vi har også hatt ei aktiv og positiv foreldregruppe. Dei er nesten som eit lag i laget, smiler Roger.

Han fortel at G/J12 år har lært både å tape og vinne. I vårsesongen gjekk dei på tap etter tap, men i haust har laget også fått kjenne korleis det er å vinne.

No kan spelarane sjå fram til ein triveleg pizzakveld som avslutning på sesongen.