Han vil ha tak i kraftaksjar



Før helga vart det klart at rådmannen i Fjaler, Bente Nesse, går inn for at kommunen skal selje aksjane sine i Sunnfjord Energi til BKK.

Dette skjer etter at det ei tid har vore forhandlingar mellom Fjaler kommune og kraftgiganten i nabofylket i sør. Opplegget som rådmannen presenterer for politikarane, går på at BKK får Fjaler sine aksjar, mot at kommunen får tilbake aksjar i BKK.

Forkjøpsrett

Argumentet rådmannen i Fjaler brukar for å forsvare eit sal til BKK, er at kommunen vil få betre utbyte frå BKK enn det som er venta frå Sunnfjord Energi.

Men korkje Fjaler, eller nokon av dei andre eigarane i Sunnfjord Energi, kan utan vidare selje aksjane sine. Det kan først skje etter at dei andre eigarkommunane har fått høve til å bruke forkjøpsretten. Den ønskjer Jølster-ordførar Oddmund Klakegg å bruke, og no hastar det.

– Om kommunestyret i Fjaler går for sal, har vi andre eigarane eit par månaders frist til å fremje forkjøpsretten, seier Klakegg som no må få i gang drøftingar med kollegaene i nye Sunnfjord kommune viss det skal vere håp om å kjøpe Fjaler sin aksjepost på i overkant av ti prosent.

Må samle seg

Jølster, Førde, Naustdal og Gaular vil ved kjøp av Fjaler sine aksjar kome opp i 40,5 prosent av aksjane, og kan såleis blokkere eit sal om dei samlar seg. Pengane til eit slikt aksjekjøp må i så fall lånast via eit holdingselskap. Dette fordi det ikkje er høve for ein kommune å låne pengar til aksjekjøp.

– Har de drøfta dette?

– Ja, det har vore oppe mellom ordførarane og rådmennene, og eg meiner vi må ta grep for å sikre verdiane våre, svarar Klakegg, vel vitande om at BKK også er i forhandlingar med Sunnfjord Energi med tanke på å kome fram til semje om vilkår for ein fusjon mellom dei to kraftselskapa.

Men ein slik fusjon kan altså dei fire samanslåingskameratane blokkere om dei får tak i Fjaler-aksjane. Sunnfjord kommune vil då ha negativt mindretal og bli største eigar i Sunnfjord Energi.

Sololøp

– Kva hastar, er spørsmålet frå Oddmund Klakegg som beklagar at Fjaler har køyrd det han kallar eit sololøp.

– Vi må prøve å rigge oss for møte desse utfordringane, seier Klakegg.

Han lurer også på kva motivet til BKK er, og han meiner å vite at det er delte meiningar om aksjesalet i Fjaler kommunestyre.

Planen var at politikarane i Fjaler skulle drøfte aksjesalet i eit lukka møte i går, men dette er utsett inntil vidare. På Fjaler kommune si heimeside ligg ei lang rekkje med dokument kring aksjesalet.

Eit av spørsmåla Oddmund Klakegg stiller seg, handlar om verdien på aksjane. Dette er sjølvsagt ikkje råd å finne ut av gjennom dokumentbunken i saka som utan unnatak er unnatekne innsyn. Men det vi ser, er at BKK har levert eit revidert tilbod 13. mars.