Skientusiastar i låglandet bør komme seg ut før helga er omme. Då blir det nemleg regn.Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Snørik vekeslutt, men mildare vêr på veg

I store delar av landet vil snøen halde lave ned dei neste dagane. Men skientusiastar i låglandet bør komme seg ut før helga er omme. Då blir det regn.

Statsmeteorolog Unni Nilssen vil enno ikkje spå om snøen blir liggjande i heile Noreg til julaftan, men ho slår fast at det heilt klart blir mindre etter helga.

– Kos deg med snøen no, medan han er der. Skal du gå på ski i låglandet, gjeld det å spenne dei på før veka er over. Meir og meir snø vil smelte frå måndag, seier ho til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men før den tid kjem det påfyll. Nokon stader ganske mykje påfyll.

Ut og måse snø

For dei som bur nord for Stad og Dovre, er det berre å hente fram snømoka.

Fram til søndag kveld er det venta mengder med snø, aller mest i Nordland. Delar av Helgeland kan få opptil 90 centimeter snø dei fire næraste dagane.

– Det kjem også ein del snø i Troms, medan Aust-Finnmark kanskje får 20 centimeter over dei neste fire dagane. I Vest-Finnmark blir det meir enn ein halvmeter, seier Nilssen.

I tillegg til mykje snø er det varsla om kraftig vêr når to polare lågtrykk slår inn i nord tidleg torsdag morgon.

Eitt treff Troms og Finnmark, det andre styrer mot sørlege Nordland.

– Ver merksam på raske endringar i vêret. Unngå unødvendig ferdsel på utsette stader. Vurder om reisa er nødvendig, lyder rådet frå Yr.no.

– Der lågtrykket treff, kan det bli opp i nordvest liten til sterk storm, kraftige snøbyer og snøfokk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lågtrykka roar seg truleg torsdag kveld.

Kaldt og fint

Austlandet vil få nokre kalde, men fine dagar framover. Det held seg i alle fall fram til helga og truleg til og med søndag.

– Det er litt varierande skydekke, men opphald og relativt kaldt. Det blir kanskje under minus 10 på natta. Minusgrader på dagtid òg, men det blir gradvis litt mindre kaldt, seier Nilssen.

Frå måndag er det litt mildare luft på veg. Då vil nedbøren byrje som snø, og så gå over til sludd og kanskje til og med regn etter kvart.

I Trøndelag er det liknande forhold, med stort sett kaldt vintervêr først. Her kom det nokre snøbyer allereie onsdag.

– Kulda held seg også her til og med måndag, men så får også Trøndelag mild luft og temperaturar opp på plussida måndag eller tysdag.

Small, small

Sørlandet og Vestlandet har litt meir nedbør i vente, og han set inn tidlegare enn i aust.

Torsdag blir det stort sett opphald og fint vintervêr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så kjem det litt meir snø fredag og laurdag. Etter kvart kan det bli sludd. Frå måndag er det venta endå mildare luft, så det blir definitivt regn då, seier Nilssen.

– Smeltar all snøen, då?

– Meir og meir vil smelte. Det er jo ein del snø å ta av. Men det kan halde hardt med tanke på kvit julaftan, seier Nilssen. (©NPK)