Så vart det juletre likevel

Det har alltid vore juletre ved kommunehuset på Skei, både før og etter kommunesamanslåinga. Før kommunesamanslåinga var dette ei kommunal oppgåve å få på plass, men slik er det ikkje lenger.

Dette tykkjer ein gjeng pensjonistar er litt trasig. Dei meiner at kommunen kanskje bør bruke ressursar på julepynting også andre stader enn berre rundt rådhuset i Førde.

Svein Dvergsdal (t.v.) og Magne Sunde kan konstatere at det vart juletre ved det tidlegare kommunehuset på Skei også i år. Alle foto: Privat.

Privat initiativ

Etter kommunesamanslåinga har juletreet ved det tidlegare kommunehuset kome på plass ved hjelp av lokale eldsjeler. Feiaren, Arve Dvergsdal, har vore ein sentral aktør i arbeidet med dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desember kom, og det gjekk både ei, og nesten to veker, utan at noko skjedde. Ikkje før sjølvaste nissen tok affære og kalla inn til dugnad, blei det fart i sakene.

I båthamna har Magne Sunde og Svein Dvergsdal funne ei furu til juletre.

Dei som fekk innkalling, var den same gjengen som tidlegare har sagt at dei saknar juletreet ved kommunehuset. To av dei, Svein Dvergsdal og Magne Sunde, stilte opp og fekk på plass lyskledde tre både der og i båthamna.

Nissen var sjølvsagt også til stades og passa på at alt gjekk rett føre seg.

Nissen var med og såg til at alt gjekk rett føre seg.