7.-klassingane ved Breim skule fekk besøk av Ludvig Gudim og fiolinen hans fredag morgon.

Musikkfesten flytta inn i klasseromma

Det vart ein musikalsk start på dagen i alle klasseromma på Breim skule då tre festivalmusikarar frå Gloppen Musikkfest overraska dei med klassisk musikk frå øvste hylle fredag morgon.

– Eg er van med eit litt eldre publikum når eg spelar, men dette var utruleg gøy, smiler fiolinist Ludvig Gudim.

Uvant

Han starta festivaldagen med eit besøk i 7. klasse på Breim skule fredag, og var tydeleg spent før han sneik seg inn i klasserommet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var litt nervøs, faktisk, fordi det er ein heilt uvant situasjon. Vi er etter kvart byrja å bli ganske van med å handtere press og nervar før ein konsert, men dette blir ein litt annan setting. Men det var berre å hoppe i det, seier han.

Ida Klokk-Bryhn engasjerte førsteklassingane både med «Bæ Bæ, lille lam» og Vivaldi.

Musikarane kjem

Gloppen Musikkfest har hatt «Musikarane kjem» på programmet i fleire år, der alle festivalmusikarane deler seg opp og tar turen innom alle klasserom i Gloppen. Styreleiar Hanne Oftedal brenn verkeleg for å få klassisk musikk ut til eit breiare publikum, og fekk ideen då ho sjølv var med på «Forteljarane kjem» for nokre år sidan.

– Grunnideen er at musikken skal kome til elevane i staden for at elevane skal ut og bli sett i ein tradisjonell konsertsetting, for då skjer det ofte noko. På denne måten blir det meir spontant, og det opnar seg noko udefinerbart. Når ein kjem rett inn i klasserommet er guarden på ein måte nede, seier ho.

Inspirerande

Spesialpedagog Bente Ellingvåg har tatt imot musikarar frå musikkfesten før, og er svært glad for at dei fekk besøk i år òg.

– Eg synest det er så kjekt når dei berre dukkar opp. Elevane er veldig opne og entusiastiske, og vi seier «ja takk» kvart år, smiler ho.

Ho har opplevd fleire gonger at det er elevar som med stoltheit rekkjer opp handa og seier at dei òg spelar eit instrument.

– Det er ikkje alltid sjølvsagt at ein får aksept for det blant medelevane, særleg når ein kjem litt opp i klassetrinna. Men her kan ein sjå nokon rett framfor seg som er verkeleg flink, og få ein boost på at det ein sjølv gjer, faktisk er veldig viktig fordi ein kan bli veldig flink og få høvet til å formidle det til andre, seier Ellingsvåg.

Utan skepsis

Oftedal fortel at møta kan vere kimen til noko nytt, anten ein livslang hobby, eller til å ville bli ein profesjonell musikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slike møte er difor viktige. Gjennom åra har eg ei veldig sterk oppleving av at det gir noko til musikarane òg, smiler ho, og får støtte frå kunstnarleg leiar Ida Klokk-Bryhn som fekk overraske 1.- og 6. klasse denne morgonen.

– Born er så kule, uansett kva ein presenterer for dei, synest dei det er gøy. Dei har på ein måte ikkje utelukka noko enno. Eg er sikker på at ein kan kome med kva som helst, og dei vil ta det imot med opne armar, det er så lite skepsis å spore. Det å gje dei noko nytt er så gøy, fordi dei er så interesserte, ivrar ho.

«Bæ bæ lille lam» utan tekst var rart, syntest 1.-klassingane, men song med.
Gudim spelar på ein over 300 år gammal Stradivarius, og elevane gjorde store auge då han kunne fortelje at den var verdt over 50 millionar kroner. – Eg har kodelås og passar veldig godt på han, så de må ikkje få nokre skumle tankar, blunka han.
Aurora Hjelle og Mathias Seime Skinlo synest det var ei kjekk overrasking å få høyre Gudim spele, og ville gjerne at det skulle ha vart litt lenger. – Det var veldig fint, han var flink og han spelte på ei 312 år gammal fele, kunne dei fortelje.