Foto: John Petter Nordbø.

Så mange unge overnatta ute i sommar

Tendensen frå koronatida held fram.

45 prosent av unge i Noreg har bytt ut senga for sovepose i sommar.

– Under korona såg me ein uteovernattings-boom der alle plutseleg skulle ha hengekøyer og telt. Det er veldig kjekt å sjå at interessa held fram i så stor grad, seier generalsekretær i fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv, Bente Lier i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nasjonale undersøkinga som blei gjennomført av same organisasjon fann at dei mellom 15 og 29 år skil seg ut frå resten.

Ser ein på heile befolkninga har 27 prosent svart at dei har overnatta ute i naturen.

Nokre av dei har sove på balkongen og andre i hagen.

– Men det å sove ute i naturen er heilt klart mest populært. Totalt har ein av fire gjort dette, fortel Lier.

På landsbasis er det nordlendingane som har vore ivrigast på ei natt under stjernene. 39 prosent av dei frå dei nordlegaste delane av landet har svart at dei har sove i naturen.

– Når me tenker på det våte vêret dei har hatt, tykkjer eg det er friskt gjort av nordlendingane, seier Lier. (©NPK)