Kvar sjuande elev i 10. klasse er borte frå skulen i meir enn tre veker, ifølgje Utdanningsdirektoratet. Høgast fråvær har elevane i Finnmark, medan elevane i Sogn og Fjordane har lågast. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK.

Mange er borte frå skulen meir enn tre veker



Nesten 9.000 elevar i 10. klasse er borte frå skulen i meir enn 15 dagar, og kvar sjuande elev på trinnet er borte frå skulen i meir enn tre veker.

Fråværsstatistikken frå Utdanningsdirektoratet viser òg at 4 prosent, rundt 2.400 elevar, på 10. trinn er borte meir enn seks veker.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Utdanningsdirektoratet undersøkt årsakene til fråværet. Mellom anna er det liten forskjell mellom gutar og jenter, medan utdanningsbakgrunn og inntekt til føresette speler ei stor rolle. Elevar av føresette med låg utdanning og låg inntekt er overrepresentert blant elevar med høgt skulefråvær.

Også elevar med rett til spesialpedagogisk hjelp er overrepresentert.

Blant elevar som er fødde i Noreg av innvandrarforeldre, er fråværet litt lågare enn hos andre elevar, medan elevar som sjølv har innvandra, har litt høgare fråvær enn andre elevar.

Einsemd blir dessutan oppgitt som den viktigaste årsaka til at elevar sluttar på skulen det første året på vidaregåande.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser ein stor forskjell mellom fylka. Ein elev på 10. trinn i Finnmark er i snitt borte ni dagar og åtte timar. Det er tre dagar meir enn for heile landet.

I Sogn og Fjordane har elevane det lågaste fråværet. Der har ein elev i snitt fire dagar og to timar fråvær.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) vil innføre ei oppfølgingsplikt som skal sørge for at skular fangar opp fråvær så tidleg som mogleg.

(©NPK)