Agathe Lunde Bergset hadde med seg ein gåvesjekk på 120.000 kroner som Ingeborg Henden Fridtun og Nicolai Sandnes i ungdomsrådet tok i mot på vegner av BUA Gloppen. – Vi ønskjer alle ein aktiv sommar, sa kultursjef Birte Fossheim (t.h.).

Fekk 120.000 til BUA Gloppen

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har løyvd 120.000 kroner til innkjøp av utstyr til BUA Gloppen. – Dette er ei fantastisk gåve, til glede for born og unge, sa leiar i ungdomsrådet, Nicolai Sandnes.

Agathe Lunde Bergset, kunderådgjevar bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, delte torsdag ut gåvesjekken til to av medlemmene i Gloppen ungdomsråd, Ingeborg Henden Fridtun og Nicolai Sandnes.

Utstyrslager ved Trivselshallen

Kultursjef Birte Fossheim var også til stades under overrekkinga, som fann stad i samband med at det danske verdslaget i turn hadde oppvising på Heradsplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

DGI Verdensholdet hadde oppvising på Heradsplassen torsdag.

– Verdslaget frå Danmark ønskjer å inspirere til aktivitet, og det har vi lyst til å leggje til rette for også. Vi har nyleg etablert BUA Gloppen, eit lager med aktivitetsutstyr ved Trivselshallen som kan lånast ut gratis til alle innbyggjarar. Vi har eit håp om at mange vil få glede av dette utstyret framover, sa ho.

Eit positivt bidrag

Også sparebanken ønskjer å støtte tiltak som får born og unge til å vere aktive.

– Difor har vi med oss ein sjekk i dag på 120.000 kroner til BUA Gloppen. Vi håpar dette blir eit positivt bidrag til ein aktiv sommar for born og unge i kommunen, sa Agathe Lunde Bergset.

Fossheim takka så mykje for gåva, og fortalde at ungdomsrådet har laga ei ønskeliste over utstyr til BUA.

– Eg lovar at det skal kome mykje spennande utstyr på plass i løpet av få dagar. Her blir det fleire sup-brett, fleire våtdrakter, fiskeutstyr, fleire skateboard og longboard, rulleskøyter og turutstyr som telt, liggjeunderlag, hengekøye og kokeutstyr, slo ho fast.

Skal ein låne utstyr i BUA Gloppen, må ein registrere seg som brukar. Lånetida er éi veke.