Nye avstandsreglar på norske campingplassar
Det blir krav om fire meter avstand på norske campingplassar. Kravet skal hindre at heile campingplassen går opp i flammar.
Frå 1. mars i år vart avstandskravet mellom kvar campingeining auka frå tre til fire meter, skriv NRK Vestland.
I Noreg er det i snitt 45 brannar i året på campingplassar, ifølgje NRK. Dei nye reglane skal hjelpe til å avverje fleire brannar i framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei nye reglane gjeld for nye plassar, ikkje for allereie etablerte plassar.
John Roger Meland ved Strynsvatn Camping i Stryn er i gang med å førebu seg på ein sommar med mykje trafikk til campingplassen. Han er positiv til endringane, men vedgår at dei nye krava kjem til å gjere at dei kan ta inn mindre folk på campingplassen.
Han fryktar likevel ikkje økonomiske konsekvensar av å ha færre gjester.
– Vi får heller auke prisen med ein 50-lapp, seier Meland til NRK. (©NPK)