Natur og Ungdom vil bremse Nordic Minings investorar
Miljørørsla er svært skuffa over det endelege ja-et regjeringa har gitt til gruvedrift ved Førdefjorden. Kampen er ikkje over, varslar Natur og Ungdom.
I årevis har miljøvernarar kjempa imot gruvedrifta til Nordic Mining, og ikkje minst deponiet som er planlagd i Førdefjorden.
Fredag gav næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) tommel opp for driftsløyvet. Samtidig lenkjar nye demonstrantar seg fast i anleggsmaskinene ved Førdefjorden. Natur og Ungdom varslar også «andre metodar».
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi jobbar no opp mot investorar på liknande vis som i Repparfjord med Aurubis. Nordic Mining manglar framleis mykje av finansieringa, og vi skal sørgje for at slik held det fram med å vere, seier sentralstyremedlem Gytis Blaževičius.
I tillegg vil dei sjå på gyldigheita av vedtaket.
– ESA har konkludert med at norsk praksis bryt med mineraldirektivet til EU, seier Blaževičius til NTB.
Leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet er heller ikkje glad for Vestres avgjerd, trass i skjerpa miljøkrav.
– Han har gitt Nordic Mining ei ganske omfattande heimelekse i å forbetre planane sine, og det blir mykje arbeid for dei å gjere. Men han har ikkje sagt endeleg nei til sjødeponi, og det er veldig skuffande, seier Gulowsen.
(©NPK)