«Ny» idrett har teke Gloppen med storm

– Det tok litt av.

Etter knappe tre år, snart to av dei under korona, har taekwondo-treningane i Gloppen vakse frå 10 til 100 deltakarar.

Sist helg var årets første av to graderingar i Gloppen Taekwondoklubb, og for mange betyr det eit hakk opp og ny farge på beltet. Laurdag kunne klubbleiaren sjølv ta på seg sitt første svarte belte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Starta på Nordfjordeid

I 2017 starta Pieter Koopmans med å trene taekwondo igjen, etter å ha lagt det på hylla som 18-åring i heimlandet Nederland. Han og sonen Jelle starta å trene med Nordfjord Taekwondoklubb på Nordfjordeid, men etter kvart kom der fleire til og dei starta opp treningar i Runnevang på Rygg.

– Då var det blitt ti av oss, og vi flytta treningane til Firdahallen på Sandane, seier han.

Nordfjord Taekwondoklubb, avdeling Gloppen fekk stadig fleire medlemer.

– Ja, det tok litt av, smiler Pieter.

1. januar 2021 vart difor Gloppen Taekwondoklubb offisielt danna, med 75 aktive medlemer. I dag har talet auka til 100 og er på ei stigande kurve. Med fire treningar i veka, tre på Sandane og ei i Hyen, er det stor aktivitet i klubben.

Spennet i alder er svært respektabelt, frå yngste medlem på fire til eldste som klokkar inn på 69 år.

Grethe Håheim er eldste klubbmedlem og fekk si første raude stripe på det blå beltet laurdag. – Eg er så stolt av den stripa, seier 69-åringen.

Alder ingen hindring

Grethe Håheim (69) har vore med sidan samlingane i Runnevang, og er strålande fornøgd med treningsforma.

– Det blir to gongar i veka, av og til tre med kamptrening på fredagane. I tillegg øver eg på mønster heime på kjøkengolvet. Heimetrening må til når ein kjem litt høgare opp i beltegrada, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har trena taekwondo før, i lag med borna då dei var små, men la det frå seg då ho flytta til Gloppen for 20 år sidan.

– Det var ingen klubb her. Men då eg las i avisa at det var starta opp med taekwondo-treningar i Runnevang, vart eg i fyr og flamme. Eg tenkte at alder er inga hindring, ler ho.

Grethe peikar på at det er svært god trening for både balanse, kondisjon, smidigheit og styrke.

– Sinnet har godt av det òg, ikkje minst hugset, med dei mange tinga ein må lære utanåt, som alle orda på koreansk.

Lagånd

Kampsport er kanskje ikkje den første idretten ein tenkjer på når ein høyrer ordet lagidrett, men på graderinga laurdag var det tydeleg samhald å spore mellom dei vaksne og dei unge medlemene. Var det nokon det ikkje gjekk heilt vegen for, var dei andre raskt ute med eit støttande ord eller ei mjuk hand.

– Det kan sjå ut som det er eit godt samhald i klubben?

– Ja, vi har det. Det ligg i botn, at alle skal føle seg inkluderte, at ein pratar med alle, og at folk skal like seg i klubben, det er veldig viktig.

Grethe Håheim håpar fleire vaksne vil vere med, og aller helst fleire på hennar eigen alder.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje farleg i det heile tatt, sjølv om det kan sjå litt skummelt ut med alle kampane og knusinga av murstein, men det er det absolutt ikkje. Det gjev deg ei veldig meistringskjensle, og vi har det så kjekt i lag. Det er mykje latter og glede med taekwondo, ivrar 69-åringen.

Ei strålande fornøgd Anna Victoria Kaale etter å ha fått blått belte.

Opp to fargar

Anna Victoria Kaale (12) starta i klubben i mai i fjor, og har hatt ei rivande utvikling på desse månadane. Under søndagens gradering kunne ho byte ut det gule beltet med eit heilblått, og hoppa dermed bukk over fargen mellom. Det kom litt brått på.

– Eg hadde eit lite håp om ei blå stripe på grønt belte, men torde likevel ikkje heilt å tru på det. Når eg då fekk blått, vart eg veldig glad, innrømmer ho.

– Kva synest du om tilbakemeldingane frå dommarane?

– Eg har snakka med brørne mine på førehand at eg ikkje skulle smile, for ein skal jo sjå litt stolt ut og vere alvorleg, men eg klarte ikkje å la vere, ler ho.

John Helge Olsen (t.v.) har vore med på fleire graderingar på Sandane, og var den høgast rangerte i Firdahallen laurdag med svart belte i 6. dan. – Planen er å reise til Korea neste sommar for å gradere meg til 7. dan, seier han.

Livsstil

Med 100 aktive medlemer i klubben er det mykje som skal organiserast, ikkje minst i forkant av graderingshelgane. For klubbleiar Koopmans betyr det at fritida stort sett går med til taekwondo.

– Det blir ein livsstil til slutt. Så er eg ein type som ikkje likar tilfeldigheiter, så om eg må bruke ein ekstra halvtime her og der for å sørgje for at alt går slik som det skal, gjer eg gladeleg det, slår han fast.

I dag er seks av sju blad Koopmans aktive i klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kjekt å kunne ha ein treningsaktivitet med familien.

Familien Koopmans

Ein plass for alle

Ifølgje Koopmans starta han med taekwondo for å finne ein treningstype for seg sjølv og sonen, men etter kvart utvikla det seg til noko meir.

– Det er dette med å ha ein plass for alle, uansett kva nivå ein ligg på. Ikkje nødvendigvis å ha fokus på resultat, men på meistring, trur eg er med på å skape ein trygg treningsarena. Som slagordet til Bergen Nord Taekwondo seier, «Her sitter ingen på benken». Akkurat det er så viktig. Med oss kan du gå «all in» eller ta det litt rolegare. Du skal få lov til å bestemme kvar lista skal ligge sjølv, det er ikkje noko press. Så skal sjølvsagt dei som har ambisjonar og er flinke få moglegheita til å utvikle seg og trene opp til eit høgare nivå, utdjupar han.

Noko å strekkje seg etter

Etter fem års trening fekk Pieter laurdag endeleg det svarte beltet. Og han har ingen planar om å stoppe der.

– Det er ei treningsform som eg kan halde på med livet ut. Vanlegvis er ein på topp i idrett som 25-åring, og etter det går det ofte nedover. For meg har det berre gått oppover etter at eg starta som 40-åring. Eg har sjølvsagt ikkje tenkt å gå nedover no, smiler han, og peikar på gjestane frå Bergen.

– To av dei har svart belte i 3. dan, ein i 4. dan, og John Helge har svart belte i 6. dan. Det vil ta meg 20 år å klare det, men det er fint å ha noko å strekkje seg etter.

Dedikasjon

John Helge Olsen er klubbleiar i Bergen Nord Taekwondoklubb, og har trena taekwondo nesten heile livet. Som Pieter har han heile familien med i klubben, og er seks av sju dagar i veka i treningslokala til klubben.

– Det blir ein livsstil, og det er tidkrevjande. Difor er det imponerande kva dei har fått til her oppe i Gloppen, med å byggje opp ein klubb med så pass mange medlemer på så kort tid. Det viser ein stor dedikasjon for idretten, seier masteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvida dommarpanel

Han og kona Yvonne Håland (3. dan) er med på si tredje gradering i Gloppen, og denne gongen hadde dei fått selskap av to til, Annelen Gangstø (3. dan) og Sebastian Abelsen (4. dan), også dei frå Bergen Nord.

– No er klubben her blitt så stor at vi måtte vere litt fleire dommarar. På den måten får vi følgje opp kvar enkelt utøvar betre, og kan gje gode og nøyaktige tilbakemeldingar, seier Olsen og legg til:

– Det er veldig kjekt å kunne få lov å reise opp her to helgar i året med så flott natur og slike fine folk. Det blir som ein miniferie for oss, smiler han.

Klubbleiaren sjølv fekk seg ei lita overrasking under graderinga, då sonen Jelle og dottera Jasmijn fekk høve til å gå i dobbelkamp mot faren. – Litt må ein tole når ein skal graderast til svart belte, smilte dommar Yvonne Håland.
Stille i hallen under brekking.