Prøvedrifta av den rundt 720 kilometer lange straumkabelen North Sea Link som er lagt i havet mellom Noreg og England startar 1. oktober. Her blir det jobba med å legge kabelen i på land. Foto: Statnett/NTB/NPK.

Gigantkabelen til Storbritannia vil auke straumrekninga for nordmenn

Den nye kraftkabelen til Storbritannia vil gjere straumen dyrare i Sør-Noreg. Men kor mykje dyrare, er analytikarar og Statkraft usamde om.

Kabelen North Sea Link kjem i prøvedrift fredag og vil ha ein effekt på 1.400 megawatt (MW), som er meir enn Noregs største vasskraftverk. Kabelen kan sende inntil 12,3 terawattimar (TWh) kraft fram og tilbake mellom landa per år.

Prøvedrifta blir starta opp med ein maksimal kapasitet på 700 MW. Den første auksjonen vart halden torsdag klokka 11, og frå fredag klokka 9 går det full kapasitet frå Kvilldal i Suldal til Blyth i Storbritannia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight trur ikkje opninga av kabelen vil føre til store endringar i dei norske straumprisane med det aller første, men selskapet har gjort utrekningar som viser at den vil bidra til å auke den sørnorske straumprisen med 10 øre/kWh i snitt over tid.

– Vi har relativt god tilgang på ekstra kapasitet akkurat no. Vi har fått ein del regn i det siste, og 700 MW ekstra no har ikkje veldig stor betydning for den sørnorske prisen, seier han til NTB.

Vått og varmt vêr kan hjelpe

Vêret i Sør-Noreg avgjer om dette vil halde fram. I Noreg, som har mykje vasskraft, er det avgjerande at det kjem nedbør for at straumprisane skal halde seg låge og ikkje nærme seg europeiske prisar endå meir. Vått og varmt vêr i Sør-Noreg er mest til hjelp.

Ei rekkje land i Europa har opplevd nye rekordar i gass- og straumprisane i haust.

– Storbritannia har ein ekstremt høg pris på over 200 øre per kilowattime. Så viss ein får behov for å halde igjen vatnet ein har på norsk side, så kan det bli ekstremt dyrt, seier Lilleholt.

Trass i meir nedbør i seinare tid, fryktar kraftanalytikaren at det kan bli anstrengt til våren. Han trur fleire magasin i Sør-Noreg kan gå tomme.

– Nedbøren og temperaturane vi får i vinter, vil avgjere om vi treng å hente straum og får høge straumprisar som ein ser i Europa og Storbritannia.

Statkraft med meir moderat anslag

Også andre analytikarar meiner at den lengste undersjøiske straumkabelen i verda vil føre til auka straumprisar i Noreg. Kraftanalytikar Marius Holm Rennesund i Thema Consulting seier til

Artikkelen held fram under annonsen.

Statnett sjølv meiner det vil bli ein priseffekt over tid på 2–3 øre per kwh, fortel konsernsjef Hilde Tonne til NTB.

– Det utgjer under ein 50-lapp i månaden for eit hushald, seier ho.

Det er likevel vanskeleg å føresjå effekten det vil få på ein gitt dag, ifølgje Tonne. Ho trekkjer fram Nordlink, kraftkabelen som går mellom Noreg og Tyskland, som førre veke var nede for vedlikehald.

– Då såg vi heller ikkje nokon effekt på prisen eller kraftsystemet av det. Det er vanskeleg å sjå effekten frå éin kabel på ein dag, ei veke eller over tid i eit kraftsystem som no er i ein heilt spesiell situasjon, seier ho og siktar til høge gass- og CO2-prisar og lite vind i Europa, og dessutan låg fyllingsgrad i dei norske magasina.

Straumprisane vil gå opp med nokre øre per kilowattime når straumkabelen North Sea Link opnar. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

– Ei ingeniørbragd

Utbygginga av den undersjøiske kabelen er ei ingeniørbragd og eit viktig klimaprosjekt som heile fornybarsamfunnet er avhengig av, meiner Tonne. I tillegg vil Noreg som energinasjon tene godt på slik utveksling over landegrensene.

– Det er samfunnsøkonomisk veldig bra for Noreg. Det er ein føresetnad for kraftsystemet vårt at vi har utveksling med nabolanda våre, seier ho.

Noreg har hatt mellomlandssamband i 60 år. Dette gjer Noreg i stand til å ha eit vêrbasert kraftsystem, som vasskraft, utan at vi treng å overinvestere for å kunne ha forsyningstryggleik i såkalla tørrår, påpeikar Statnett-sjefen. Det gjer òg Noreg i stand til å selje kraft når magasina renn over.

Når det gjeld timinga for prøveopninga av gigantkabelen, så er den interessant, synest Tonne:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er klart at når verda og Noreg er i den spesielle situasjonen vi er i – nesten i ein perfekt storm der alt skjer på ein gong – då gir det oss i alle fall merksemd.

Straumprisane går ned fredag

Straumprisane i Noreg blir rekna kvar dag ut frå tilbod og etterspurnad, og dessutan kor mykje kraft som blir flytta frå eitt område til eitt anna. Den norske kraftmarknaden er delt inn i fem ulike område, og det heng tett saman med resten av Norden og den europeiske kraftmarknaden.

Kommunikasjonssjef Stina Johansen i den nordiske kraftbørsen Nord Pool seier at prisane i Storbritannia har vore betydeleg høgare enn i Sørvest-Noreg (NO2), der den nye kabelen går i land. Likevel går straumprisane i dette området ned fredag.

– I alle timane vil det flyte kraft frå Noreg til England. Samtidig ser vi at prisane i NO2 no har gått ned tre dagar på rad – frå litt over 1 krone per kilowattime til 82 øre i morgon.

Fakta om straumkabelen North Sea Link

* Saman med britiske National Grid har Statnett bygd eit kabelsamband mellom Noreg og England som koplar dei nordiske og britiske elektrisitetsmarknadene saman for første gong.

* Kabelen er den lengste undersjøiske straumkabelen i verda. Den er 720 kilometer lang, og han har kapasitet på om lag 1.400 megawatt (MW).

* Kabelen går mellom Kvilldal i Suldal kommune i Rogaland og Blyth nord for Newcastle i England.

* 15. juni 2021 starta Statnett testing av kabelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

* 1. oktober 2021 startar prøvedrift av North Sea Link. Då vil Statnett og National Grid tilby kapasitet til marknaden ut frå normale prosedyrar, men sambandet vil framleis vere i ein prøveperiode i tre månader.

* Når prøvedrifta startar, er det resultatet av bodgiving i kraftmarknaden på begge sider av kabelen som avgjer kor mykje og i kva retning krafta skal flyte.

* For å vareta drifta av det norske kraftsystemet, vil prøvedrifta startast opp med ein maksimal kapasitet på 700 MW.

* Sambandet skal setjast i full drift i 2021.

* North Sea Link er eigd av Statnett og National Grid – 50 prosent kvar. Sambandet har kosta 1,6 milliardar euro.

Kjelde: Statnett

(©NPK)

Konsernsjef Hilde Tonne i Statnett meiner straumkablane til Storbritannia er eit viktig klimaprosjekt. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.