Dagen: KrF planlegg ekstraordinært landsmøte i november
KrF planlegg ekstraordinært landsmøte 13. november, etter det avisa Dagen erfarer.
Planlegginga av det ekstraordinære landsmøtet kjem fram i eit saksdokument administrasjonen sende ut til medlemmene i landsstyret til partiet onsdag, skriv Dagen.
Landsstyret til partiet møtest fredag for å diskutere den vidare prosessen rundt leiarvalet i partiet, etter at det vart kjent at Kjell Ingolf Ropstad går av etter pendlarbustad-saka. Stortingsrepresentantane til partiet Olaug Bollestad og Dag-Inge Ulstein er utpeika som favorittar til å ta over leiarvervet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avisa erfarer at det er semje blant fylkesleiarane av partiet om å arrangere eit ekstraordinært landsmøte så raskt prosessane tillèt det, og at Landskontoret tilrår eit ekstraordinært landsmøte 13. november.
KrFs kommunikasjonssjef, Elisabeth Løland, ønskjer ikkje å kommentere dokumentet.
(©NPK)