- Nok ein kamp vi har sjanse til å vinne
- For første gong er vi fleire enn elleve spelarar som kan gå inn i startoppstillinga utan at vi blir svekka, seier STIL-trenar Torbjørn Gran.
Etter berre eitt poeng på dei tre første kampane, er det på tide at sandensarane tek årets første siger. Sjansane bør vere gode borte mot Fjøra 2/Sogndal 3 i Sognahallen i kveld.
- Med unntak for venstreback Kristian Møll, som sonar karantene for det raude kortet mot Balestrand sist, stiller vi med fulltalig tropp, opplyser trenaren.
Han fortel at målet framleis er å vere mellom dei tre beste laga i 5. divisjon når status blir gjort opp i oktober.
- Alt anna vil vere ein nedtur, men vi må score mål og vere på hogget heile tida for å vinne kampar.
Fredag møter STIL Bjørn på heimebane. Neste onsdag er det bortekamp mot Gaular.
- Etter å ha hatt kampfri sist veke, blir det tre kampar på ti dagar. Alle laga vi skal møte er midt på tabellen-lag som oss, konstaterer Torbjørn Gran utan å leggje skjul på at laget hans går ein viktig periode i møte.