Ei god avgjerd
Vi kan ikkje begripe anna enn at lovavdelinga i Justisdepartementet har teke ei korrekt og god avgjerd når dei seier at det er i orden å ta eit lite gebyr for bruk av betalingsautomatane på legekontora. Det var Helsedirektoratet som meinte at dette kunne oppfattast som ein ulovleg eigendel for helsetenester, medan Melin Medical viste til at Finanslova galdt i denne sektoren som på alle andre område. Denne saka har gått i lenger tid, difor bad Helse- og omsorgsdepartementet Justis om ei avklaring av saka i høve lovverket.
Les heile leiaren i papirutgåva fredag.