Med den nye nettportalen kan du finne både temperatur og saltinnhald i havet og fjordane. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Ny nettportal for å sjekke havtemperatur

På ein ny nettportal frå Havforskingsinstituttet kan du sjekke temperaturen i sjøen kor som helst på kystlinja og i havet.

Havvarsel.no kan ein finne både sjøtemperatur og saltinnhald langs heile kystlinja – og i havet, skriv Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Nettportalen er eit resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt og SINTEF digital.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mari Myksvoll, oseanograf ved Havforskingsinstituttet, seier temperatur er viktig, ikkje berre for badeglade menneske, men også for livet i havet.

– Modellane som lagar desse varsla gir oss verdifull kunnskap om miljøforhold langs heile kysten og i fjordane, samstundes som vi kan følgje med på korleis klimaet endrar seg.