Plastposeforbruket redusert med 105 millionar posar på fire år
Sidan 2016 har plastposeforbruket til nordmenn gått ned med 105 millionar posar, men Handelens Miljøfond meiner det framleis er for mange posar i omløp.
Nordmenn brukte 782 millionar plastposar i fjor, viser tal frå Handelens Miljøfond, som samlar inn tal frå dei fleste daglegvarebutikkar og faghandlarar i Noreg.
– Det er framleis utruleg mange posar, seier fungerande leiar Eirik Oland til P4-nyheitene.
Artikkelen held fram under annonsen.
782 millionar plastposar er 22 volumjusterte prosent mindre enn i 2016, viser tala. Volumjustert vil seie at tala er justerte for omsetning og inflasjon i varehandelen, og er eit betre mål på kor effektivt posar blir brukt i varehandelen.
Det korrigerer òg for konjunkturar i bransjen, som det til dømes har vore det siste året. Og Oland trur nettopp at hyppigare butikkbesøk under koronapandemien er grunnen til at nedgangen ikkje er større.
Målet er å få ned forbruket med 50 prosent i 2025, målt volumjustert mot 2016. Då må det brukast 302 millionar færre posar enn i 2016.
– Oppmodinga vår er at folk tek med seg den bereposen dei allereie har og bruker den fleire gonger når dei går i butikken, seier Oland.
(©NPK)