Plast på norske strender kjem frå dei nærmaste havområda
Plast som dreiv i land på sju utvalde strender langs norskekysten og Svalbard kom frå havområda i nærleiken.
Det meste av søppelet på norske strender kjem frå våre nærmaste havområde, som Nordsjøen, Norskehavet, Barentshavet, Skagerrak og Austersjøen, skriv Havforskingsinstituttet.
Det kjem fram i ein ny studie av Havforskingsinstituttet, i samarbeid med Meteorologisk institutt og Nordlandsforsking.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fem av strendene studien tok føre seg var på Fastlands-Noreg, og to på Svalbard.
Mellom 40 og 60 prosent av plasten som blei funne frå økosystemtokta i Barentshavet under studien, var fiskerirelaterte, seier HI-forskar Bjørn Einar Grøsvik.
– Det er tydeleg avtrykk frå fiskerisektoren når det gjeld plast i Barentshavet. Då er det oftast taubitar, taustumpar og delar av garn.
(©NPK)