Fullvaksinerte får lettar
Fullvaksinerte får no lettar i privat samanheng, men må inntil vidare følgje same råd og reglar som alle andre i det offentlege rommet.
Det vart klart på ein pressekonferanse onsdag.
– Fullvaksinerte kan ha nærkontakt med andre fullvaksinerte og fullvaksinerte i risikogruppa. Fullvaksinerte kan ha nærkontakt med uvaksinerte som ikkje er i risikogruppa, sa helseminister Bent Høie (H).
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje han kan det etter kvart òg komme ytterlegare lettar for fullvaksinerte som har fått vaksinesertifikat.
I det offentlege rommet blir det inntil vidare slik at dei same råda og reglane gjeld for alle.
– Ute blant folk i det offentlege rommet må vaksinerte følgje råd og reglar som avstand, tal, hygiene og munnbind, sa Høie.
Han viste til at det òg for vaksinerte er mogleg å bli smitta av covid-19, og at det er mogleg for vaksinerte å smitte andre. Samtidig er det ute blant folk vanskeleg å vite kven som er vaksinerte og ikkje.
Høie presiserte òg at fullvaksinerte framleis bør halde god avstand til uvaksinerte i risikogruppa som dei ikkje bur saman med.