FHI vurderer bruk av vaksine for 16-åringar
Pfizers vaksine er godkjend til bruk for alle over 16 år. FHI har enno ikkje teke stilling til dette, men vurderer no vaksinasjon ned til 16-årsalderen.
Aldersgruppa 16 til 18 år er ikkje teken med i vaksinescenarioet til Folkehelseinstituttet (FHI), sjølv om vaksinen frå Pfizer/Biontech er klarert for bruk til alle som har fylt 16 år.
– Vi har førebels ikkje vurdert rekkjefølgja for gruppa av friske personar 18–44 år og heller ikkje om gruppa skal utvidast ned til 16 år, skriv overlege Preben Aavitsland i FHI i ein e-post til NTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han forklarer likevel at desse vurderingane no går føre seg og vil bli sende til Helsedepartementet innan 11. mai.
– I koronavaksinasjonsprogrammet er det opna for vaksinasjon av alle ned til 16 år som har sjukdommar som gir særleg høg risiko for alvorleg utvikling av covid-19, påpeikar Aavitsland.
(©NPK)