44 personar omkom i brannar i fjor
27 menn og 17 kvinner mista livet i ulike brannar i fjor, viser tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Over 80 prosent omkom i bustadbrann, ifølgje DSB.
Tala for i fjor er lågare enn gjennomsnittet. Sidan DSB starta registreringane av omkomne i brann i 1979, har det i snitt omkomme 61 personar kvart år.
Artikkelen held fram under annonsen.
2017 er året med lågast tal på brannoffer. Det året døydde 26 personar i brann.
Eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusavhengige er spesielt utsett. DSB-tala viser at rundt tre av fire brannoffer tilhøyrer ei av desse gruppene.
Personar over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkomme i brann enn resten av befolkninga.
(©NPK)