Stasleg kastanje i full blomst
Det er tre særleg flotte kastanjetre Gloppen. No blomstrar dei.
Gartnar Bård Vereide stakk innom redaksjonen tidlegare i dag. Han ville tipse om tre spesielt staslege kastanjetre i Gloppen.
- Eg er litt seint ute, men dei står framleis og blømer, seier han. Det eine treet står utanfor Gloppen Hotell som har planar om å beskjere det til hausten, for det tek både plass og utsyn.
Det andre treet er å sjå på Nybø på Vereide og det tredje litt lenger inne i prestegarden på Vereide.
- Desse trea vart truleg planta rundt 1900. På den tida var kastanje uvanleg på våre kantar, men i dag spreier dei seg naturleg, seier Bård Vereide.