Med ny logo på veggen er Reidun Elvebakk klar for å gå frå Sandane Glassmagasin til Heime.

Butikken endrar namn



Etter 67 år som Sandane Glassmagasin, har butikken no fått nytt namn. Handlevanane har endra seg, og eigarane av butikken ønskjer å følgje utviklinga. Heime vart eit meir høveleg namn for minivarehuset.

– Eg har drive Sandane Glassmagasin med stoltheit i 22 år. Det er litt vemodig, men samstundes naudsynt å byte namn, fortel Reidun Elvebakk.

Meir dekkjande

Ho kom sjølv opp med ideen til logoen. Ektemannen og medeigar i butikken, Knut Roger Nesdal, teikna han. Dei hadde først ei runde på kva namn som passa best, og Heime var eit namn dei begge fall for.

– Vi har sett ei gradvis endring i både handle- og tenkjemåte. I eit glasmagasin får ein tradisjonelt glas, krystall og bestikk, men konseptet har endra seg. Dei siste fem åra har vi lurt på korleis vi skal følgje med, seier Elvebakk.

Sandane Glassmagasin er blitt eit minivarehus, og kundane kjem like godt for ein ostehøvel som for nye glas. Namnet Glassmagasin døyr også ut på landsbasis. Elvebakk tykkjer det er blitt litt stivt, Heime dekkjer betre alt dei har.

– I dag har vi mykje forskjellig, frå helsekost til puter og krus. Vi har alt ein treng til heimen, forklarer ho.

God respons

Butikken har hatt fleire av dei same leverandørane i 20 år, også dei var klare på at Heime var det rette namnet. Elvebakk ser ein trend over heile landet med å tenkje nytt.

– Vi har måla nesten alle vegger i første etasje, og flytta om på avdelingane. Vi har fått rørande tilbakemeldingar på endringa. No tek vi steget, og ingen har sett fingeren på det. Då eg la det ut på Internett, fekk eg over 400 likarklikk og gode kommentarar. Fleire meinte òg at endringa var på tide. Det er godt å sjå at vi har gjort det rette, smiler ho.

Heime har fått mange gode tilbakemeldingar, mellom anna tykkjer folk at namnet høver godt til fjordlandsbyen og at det er fint at namnet er på nynorsk. Med nytt namn håpar Elvebakk å nå ut til fleire aldersgrupper.