2. plass til Helgheim
Merete Helgheim, Gloppen Friidrettslag, blei nummer to i Fanaråken Opp laurdag.
Med tida 1.16,56 var ho drygt sju minutt bak vinnaren, amerikanske Annie Bergsal.
Joel Dyrhovden, Samnanger IL/Team Dyrhovden var raskast i herreklassa. Han vann på tida 1.00,50. Sindre Hoff frå Gaular, tok 3. plassen på 1.03,11.