To nye smittetilfelle i Stad
To nye personar er smitta med covid-19 i Stad kommune, opplyser kommunen i ei pressemelding torsdag morgon.
Begge to er nærkontaktar til den tidlegare smitta som har vore på reise til Bergen, og dei var difor allereie sette i karantene.
Dei er no i heimeisolasjon, og alle nærkontaktane til desse to er sette i karantene og vil verte testa i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.