Kjell Petter Solhaug i teknisk, miljø- og kulturutvalet.

Kantslått og plenstell vil bli kutta

Dei siste somrane har Gloppen kommune hatt to sommarvikarar som utelukkande har jobba med plenklipping i parkar, barnehagar og på skular. Desse vikarstillingane blir kutta i 2021. Kantslått langs vegar blir også redusert. – Dette vil merkast, seier Kjell Petter Solhaug.

Teknisk sjef Kjell Petter Solhaug orienterte torsdag teknisk, miljø- og kulturutvalet om innsparingstiltaka innan teknisk og landbruk for å få sydd 2021-budsjettet i hop. Samanlikna med 2019-rekneskapen vert rammene reduserte frå 31 millionar kroner til 26,5 millionar.

To årsverk

– To årsverk vert ikkje erstatta. Den eine stillinga er ein vaktmeister som går av med pensjon. Brannsjefen skal slutte til våren, og her har vi ein plan på ei intern omrokkering, fortalde Solhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han viste til at kommunen er avhengig av å få ein vaktkabal til å gå opp, og må ha tilgjengeleg mannskap til dette. Ein del av mannskapet vil bli flytta over på prosjekt.

– Vi kan bruke eigne folk på ein del investeringsprosjekt innan vatn og avløp, i staden for å leige inn ekstern hjelp. Dette handlar om maskinkøyrarar, opplyste han.

Kostnader knytt til fagleg oppdatering vil bli redusert. Vakthaldet på Grandane, der Securitas har vore leigd inn, er sagt opp med verknad frå 1. januar.

Stenging av bassenga

Kommunen satsar på å redusere kostnader knytt til reinhald ved å endre reinhaldsstrukturen.

– Tanken er at ei viss gruppe reinhaldarar får ansvar for ei viss mengde bygningar. Gruppa må sjølv prioritere, løyse dei oppgåvene som må gjerast og syte for eit forsvarleg reinhald. Då unngår vi vikarbruk, sa teknisk sjef.

Stenging av bassenga i Hyen og på Byrkjelo er lagt inn i neste års budsjett. Ein av kommunen sine vaktmeistrar må innom bassenget på Byrkjelo sju dagar i veka for kontroll av klor.

– Det er mogleg å spare 190.000 kroner på dette tiltaket. Då er auka transport til Trivselshagen teke med. Tilbakebetaling av spelemidlar må vi sjå litt meir på, sa han.

Kuttar vedlikehald

Støtte til veterinærvakt på 600.000 kroner i året er føreslått fjerna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit ekstra tiltak som er lagt inn er ein endå kraftigare reduksjon på sommarvedlikehaldet på dei kommunale vegane. Det vil ikkje bli grusa, høvla eller salta. Grøftereins, kantklipping og skoging vil heller ikkje bli utført. Dette er eit drastisk tiltak frå vår side, fortalde Solhaug.