Folk køyrer oftare bil under koronautbrotet
Ein av tre køyrer oftare bil i koronatida på grunn av smittefaren på kollektivtransporten, viser ei undersøking.
I undersøkinga som er gjennomført av YouGov for forsikringsselskapet Tryg i oktober, svarer 34 prosent at dei køyrer bil oftare enn før.
– Mange føretrekkjer å køyre bil no for å unngå smittefaren ved kollektivtransport, noko òg styresmaktene oppmodar til. Men tala sprikjer veldig mellom by og land, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg.
Artikkelen held fram under annonsen.
I storbyene er delen over 40 prosent, i Oslo heile 50 prosent, medan det i meir grisgrendte strøk er nede i under 20 prosent. I Troms og Finnmark svarer berre 13 prosent at dei køyrer oftare enn før.
(©NPK)