Statsminister Erna Solberg (H), her under ein munnleg spørjetime nyleg, kjem torsdag til Stortinget for å orientere for Arbeidarpartiet sin leiar Jonas Gahr Støre (t.v.) og dei andre representantane om koronasituasjonen og nye tiltak. Foto: Terje Pedersen/NTB.

No strammar Erna Solberg korona-grepet igjen

I forklaringa si til Stortinget torsdag legg statsminister Erna Solberg (H) fram ei rekkje nye koronatiltak. Målet er å stanse ein dramatisk smitteauke.

Solberg har med seg lista med nye tiltak når ho går på Stortingets talarstol klokka 10, etter det NTB forstår.

Etter forklaringa i ein halvtime blir det ein kort replikkrunde med dei parlamentariske leiarane. Opposisjonen har etterlyst at Stortinget i større grad blir involverte når nye tiltak blir innførte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje kjent nøyaktig kva grep Solberg no tek. Men kjelder tett på prosessen i regjeringa viser til at både Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) dei siste dagane har snakka ope om kva råd dei har gitt.

Dramatisk auke

Bakteppet for forklaringa er ein situasjon der viruset spreier seg raskt. Smitten er sterkt aukande i dei norske storbyane, men også i meir enn 60 norske kommunar er det utbrot av covid-19.

Smitteauken har vore dramatisk dei siste to vekene, ifølgje helsedirektør Bjørn Guldvog. Han varslar at det kan gå mot ei større nedstenging, viss vi ikkje gjer noko no.

– I tida framover no skal vi helst vere heime og vere så lite som mogleg ute på besøk til kvarandre som i det heile mogleg, for å ta ned talet på kontaktar, sa han til NRK onsdag.

Han viste til at FHI same dag bad folk om å avgrense talet på nærkontaktar. FHI tilrår at folk som bur åleine, ikkje har fleire enn to–tre personar dei er fysisk nær.

Lang liste

Guldvog seier direktoratet har tilrådd kraftfulle tiltak, men at barn, unge, utdanningssektoren og næringslivet skal skjermast i så stor grad som mogleg. Konkret trekkjer han fram:

* Endå sterkare tiltak for å hindre importsmitte.

* Generelle tiltak for å hindre mobilitet på tvers av land.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ta ned storleiken på arrangement og møteplassar, eventuelt stengje ein del område der mange folk møtest.

* Grep for å unngå skjult smitte på festar, i forsamlingar, på serveringsstader, barar og idrettsarenaer.

I tillegg har FHI tilrådd at alle nærkontaktar testar seg, og at vaksne i karantene bør halde avstand til andre vaksne i husstanden.

Til Stortinget

Nyleg har både SV-leiar Audun Lysbakken og Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre kravd at Stortinget blir kopla tettare på når det kjem nye koronatiltak.

Solberg etterlyste sist veke i eit brev til Stortinget ei avklaring på korleis nasjonalforsamlinga ønskjer å bli halden orientert om koronasituasjonen og tiltaka. Like etter vart det klart at ho skulle gjere greie for.

Støre etterlyste i Dagbladet avklaringar av korleis nye tiltak vil påverke sårbare grupper, kva regjeringa skal gjere med importsmitte, og vurderingane som er gjort mellom ulike faglege råd.

Grensa er nådd for kva regjeringa bør kunne bestemme åleine, og Stortinget må få komme på banen, slo Lysbakken fast overfor VG nyleg.

– Det vi ser, er jo at avgjerder som grip langt inn i fridommen til innbyggjarane blir tekne på svært kort tid, og heller ikkje alltid i tråd med faglege tilrådingar, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)