Nortura varslar prisauke på sau
Sauebønder kan vente seg ein auke i prisane framover, ifølgje Nortura.
Prisane til sauebønder har vore ned mot null ei tid. No har Nortura gjort endringa som dei håpar skal gi prisvekst for sauebøndene, skriv Nationen.
– På sau har det vore heilt katastrofale prisar. Der er det gjort endringar, og me vurderer fleire endringar slik at prisane kan gå opp, seier styreleiar i Nortura, Trine Hasvang Vaag, til Nationen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Direktør i Nortura totalmarknad, Ole Nikolai Skulberg, seier til Nationen at forholda ligg til rette for ei positiv prisutvikling på sauekjøt.
– Me har ein god marknadsbalanse på sau og etterspurnaden er betre enn før, noko som gir grunnlag for ei positiv prisutvikling, seier Skulberg
(©NPK)