Arbeidsulukke i Måløy
Ein mann vart sendt til sjukehus med skader i arma etter å ha falle ned i lasterommet på ein båt seint i onsdag ettermiddag.
Ulukka skal ha skjedd under arbeid, og både politi og ambulanse rykte ut til staden. Den skadde vart sendt til Førde sentralsjukehus med ei skade i arma, truleg eit brot, etter først å ha vore innom legevakta, melder Helse Førde og politiet.
Saka vert fulgt opp, melder politiet.
•
Både helsepersonell og brannvesen rykte i firetida ut til eit trafikkuhell på Skei. Det var ingen personskade, men ambulansepersonell tilkalla brannvesenet etter at det lak frå bilen, melder Helse Førde.
•
Heile 15 sjåførar fekk forenkla førelegg etter ein kontroll på rv15 i Isbakken i Markane i Stryn seint onsdag kveld. Høgaste fart 112 km/t i 80-sona.
I Sogndal fekk ein sjåfør bot for å ikkje ha med seg førarkort. Ein person vart meldt for å bere kniv, melder politiet på Twitter.
•
På Nordfjordeid fekk ein tungtransport 28.000 kroner i bot etter at Statens vegvesen onsdag stoppa bilen med 6,5 tonn overvekt på ein veg godkjent for 8 tonn.
•
I Sogndal arbeidde politiet med denne saka i onsdag kveld:
https://twitter.com/politietsognfj/status/859828781284028417
Eigaren melde seg kort tid etter.