Kampen for grendeskulane i Gloppen no også på Facebook
Det blir rusta til kamp for grendeskulane i Gloppen. Siste utspelet i så måte er å ta den populære nettstaden Facebook i bruk, og der er det no oppretta ei samarbeidande gruppe med føremål å hindre nedlegging av skular.
Eg har vore inne på nettstaden av og til og sett at der vert oppretta grupper for alt muleg, både vettige og meir tøvete saker. Dette her må no vel vere eit vettig føremål, seier initiativtakaren, Daniel Dyrnes på Rygg.
Opphavleg heitte denne gruppa "Vi som støttar Rygg skule". Etter eit "gøtt" tips, har eg utvida gruppa. Reed og Vereide er i same båt som oss på Sjedu, og dei gjere seg opp mange av dei same tankane. Difor heiter gruppa no "Nei til nedlegging av skular, opplyser Dyrnes.
Les meir om Daniel Dyrnes og facebook-gruppa i papiravisa fredag.