Jølster Maraton enda med fest på Høyset
Ole Edvard Bjørnstad frå Nord Odal deltok i sitt første Jølster maraton. Det gjorde han med glans og vann med seks minutt føre nestemann og kvarteret føre vinnartida frå i fjor.
Med seg til Jølster Maraton hadde han både kone, barn og foreldre, i tillegg til søstera, Berthe Marie Bjørnstad som held til på Høyset og driv campingen der i lag med sambuar Staffan Bengtson.
Flott løype
Ole Edvard tok ut det meste av krefter og var temmeleg stiv etter målgang, men han rosa løypa og arrangementet opp i skyene.
-Utruleg fin løype og mykje fint å sjå på så lenge eg klarte å sjå. Men det var hardt, sa maratonløparen som kom inn på ei tid som ifølgje han sjølv var rundt det som er normalen for hans del.
-Eg håpa på ei tid rundt 2.50, og slik vart det, smilte mannen som absolutt var open for å komme tilbake neste år.Vi møtte familie og heiagjeng ved vending halvvegs der Ole Edvard allereie hadde fått eit godt forsprang, etter at Helge Hafsås tok leiinga frå start og leia relativt klart etter fem km. Men etter kvart kom Ole Edvard opp i tet og der vart han verande til mål.
Heiagjeng
-Det ser bra ut dette, sa far Svein Bjørnstad, og mora Ingjerd Bjørnstad var samd.
-Men det er berre halvvegs og mykje kan skje, prøvde ho å dempe forventingane med.
Ved målgang var også kona, Ida Bjørnstad på plass og ho la ikkje skjul på at ho var imponert over mannen sine prestasjonar.
-Han har trena mykje, så dette var noko vi håpte på, men sikre var vi sjølvsagt ikkje. Vi har nett vore i Stochholm og maraton der, men det er mykje finare løype her, ein heilt annan klasse, fortalde ho før svigerinne og Høysetbebuar Berte-Marie Bjørnstad proklamerte følgjande.
-No blir det fest på Høyset.
Tysk andreplass i dameklassen
I dameklassa låg det veldig lenge an til tysk siger. Marlene Bücker frå Hamburg tok leiinga frå start, men måtte i mål slå seg slegen av Liv B. Jegteberg Lystad frå Sportsklubben Vidar.
- Eg fekk problem rundt 30 km med stive lår og då kom ho raskt opp og forbi. Men det var eit fantastisk fint løp og ein utruleg natur. Eg kjem gjerne tilbake neste år, om det høver seg slik, smilte Marlene som var i godt humør sjølv om førsteplassen glippa på slutten.