Kyrkja er under restaurering og trongen for midlar er stor.

Stifting opnar pengesekken for kyrkja



Stiftelsen UNI gjev 500.000 kroner til oppretting av Gamle Gimmestad kyrkje. – Det betyr mykje og kjem godt med, seier kyrkjeverje Audun Mundal.

Den gamle kyrkja på Sørstranda vart bygd i 1692 og er den nest eldste trekyrkja i Nordfjord. Kyrkja har vore stengd i tre år grunna restaureringsarbeid. Ein del arbeid er gjort, men mykje står att før ein er ferdig.

– Kyrkja står i spenn

Kyrkjeverje Audun Mundal fortel om arbeidet så langt.

– Det er gjort ein god del arbeid i kyrkjegrunnen. Vi har grave opp grunnmuren og drenert vekk vatn. Steinmuren var skeiv, så vi har sett inn ein ny, rett steinmur.

Det er framleis mykje som må gjerast med den over tre hundre år gamle kyrkja.

– No står kyrkja i spenn, så vi er nøydde til å ta av og setje på igjen taket for å få det beint. Ein del av tømmeret er rotna, så det må skiftast ut, fortel han.

Treng to millionar kroner

For å få gjort naudsynt restaureringsarbeid, trengst meir pengar.

– Vi har eit kapitalbehov på vel to millionar kroner. Pengane frå UNI dekkjer ein god del av behovet. Vi hadde håpa på meir, men er takknemlege for det vi har fått, fortel Mundal.

Det blir no starta ein aksjon for å få inn midlar.

– Lokale aktørar startar ein innsamlingsaksjon. Vi håpar folk er flinke til å gje pengar, slik at vi får kyrkja i stand. Gamle Gimmestad kyrkje er eit smykke for bygda og ein turistattraksjon, seier Mundal.