Vil skape ny aktivitet ved Langvin
Eigar av Langvin i Innvik, jølstringen Steinar Dvergsdal, ønskjer å kartlegge moglegheitene for ny aktivitet på eigedomen etter at asylmottaket vart lagt ned i november i fjor, skriv Fjordingen.
Avisa si kjelde er ein søknad til næringsfondet i Stryn kommune. Dvergsdal søkjer om 75.000 kroner til eit forprosjekt som har ei kostnadsramme på 200.000 kroner.
Tanken er å få i stand eit samarbeid med ein institusjon eller friskule. Forprosjektet skal mellom anna avdekke potensielle samarbeidspartar, og det skal utarbeidast ein driftsmodell.
- Vi vil gjerne også dra vekslar på ei av landet sine mest aktive klynger for frukt- og bærproduksjon kring Innvik Fruktlager, skriv Dvergsdal i søknaden til Stryn kommune.
Målet hans er å skape minst åtte nye arbeidsplassar og nytte bygningsmassen som er på eigedomen.