Bondelagsleiar ber om traktor-respekt
Utolmodige bilførarar og mange stygge forbikøyringar for traktorar, uroar bondelagsleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.
– Veldig ofte opplever vi nesten-ulukker, seier Felde til NRK.
Nokre gonger går det også gale. Denne veka kolliderte ein personbil med ein lastebil i Jølster i samband med forbikøyring av ein traktor, fortel kanalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bondelagsleiaren oppmodar bilførarane til å vera tolmodige og respektere traktorane, slik at ein unngå ulukker og farlege situasjonar på vegane i sommar. Det same gjer Trygg Trafikk.
(©NPK)