Brunsj & Briller: Elise Sunde kunne måndag vise fram ein svært så tiltalande brillebutikk

Elise har opna brillebutikken

I vinter og vår har det vore stor aktivitet i og rundt «Fjøsen» på Skei. Heile fasaden er pussa opp og det er komme til eit nybygg.

I dette nybygget opna det måndag ein brillebutikk. Ved sida ligg den gamle puben, og restauranten som tidlegare høyrde til «Fjøsen» Konseptet har fått namnet «Brunsj & Briller og innehavar er Elise Sunde, heimflytta Jølstring.

Forsiktig start

– Det har vore mykje å tenkje på i det siste, så no er eg glad det roar seg, seier Elise Sunde som opnar brillebutikken i første omgang, resten kjem seinare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis blir det å drive brillebutikk på Skei, trur du?

– Det blir spennande å sjå. Eg håpar at folk rundt her vil bruke butikken og at det også vil sige inn litt utanfrå. Kombinasjonen av butikk og at det går an å få kjøpt seg litt mat, er spesielt og noko eg håpar vil vekke interesse.

Brunsj Briller: "Fjøsen" på Skei har fått heilt ny utsjånad.

Det vi kan slå fast når vi var på besøk, er at denne brillebutikken har fått veldig fine lokale, som ligg vegg i vegg med det som i løpet av sommaren blir ein liten kafe/restaurant.

Men enn så lenge er det briller som gjeld. Litt seinare blir det nok også råd med noko å ete og noko i glaset.

Mange har hjelpt til

Elise er så heldig at ho har ein far, Jostein Sunde, som er maskinentreprenør og som også eig bygget og tomta gjennom Ospene eigedom AS. Det er han som har hatt ansvaret for uteområdet som er blitt veldig fint. Då vi var der måndag var det berre asfalt som mangla, men den var like rundt hjørnet.

– Hadde det ikkje vore for far min, hadde ikkje dette gått. Han har lagt ned uhyre mykje arbeid her og eg kjem til å sakne han når han blir ferdig. Det har no vore kjekt å ha han ruslande rundt her og så har han no vore mykje selskap i. Men eg har også ein onkel og ein sambuar som har hjelpt til mykje. Også mange andre har stilt opp og det er eg veldig glad for, smiler Elise

Brunsj & Briller: Gründer ånda går i arv frå far til dotter. Jostein Sunde eig bygget og har teke seg av alt som har å gjere med grunnarbeid og uteområde. Dottera Elise startar butikk og rosar innsatsen til faren.

Optikar

Elise Sunde er utdanna optikar og har arbeidd innan faget både i Førde og Bergen. I Bergen vart ho permittert i samband med korona epidemien. Men no er ho altså i gang med eigen praksis, i nye, fine lokale.

– Har du hatt besøk av kundar på opningsdagen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg har hatt to synsprøver sidan eg opna, så det er no heilt greit.

– Du tek deg av alt som skal til for tilpassing av briller og slikt?

– Ja, eg tek synsprøve, fotograferer netthinne, måler trykk og tilpassar briller og kontaktlinser, svarar optikaren som ikkje berre kan skilte med innbydande lokale, men også har flott utsikt utover Jølstravatnet frå butikken.

Brunsj & Briller: Elise Sunde er optikar og tilbyr briller til alle behov, også solbriller.