Han skal leie restaureringa av Astruptunet
Det store restaureringsprosjektet i Astruptunet som omfattar hagen, bygningane og den gamle slåttemarka ovanfor tunet nærmar seg start.
Til å stå føre prosjektleiinga er firmaet t-2 AS engasjert. Onsdag var tre representantar for dette selskapet i Astruptunet for å synfare og diskutere med med nokre av dei som er involverte i prosjektet.
Skal starte nedanfrå
– Kva skal de starte med i dette arbeidet, spurde vi prosjektleiar Lars-Henrik Milert.
– Det første vi skal gjere er å finne ut akkurat det, svara Milert med eit smil, men han såg føre seg at første del av arbeidet vil vere å restaurere muren nede ved vegen og så arbeide seg oppover.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Til det treng vi høveleg stein og det bør vere stein med mose på og som ser gammal ut, forklarte prosjektleiaren som fekk mange innspel og spørsmål frå dei andre som var med.
Bjarne Sunde, som har vore involvert i vedlikehald av bygningane i ein mannsalder, var til stades og orienterte om det han hadde registrert av sig og roteskader. Han fekk spørsmål frå Astrid Opsal, kulturminnerådgjevar i t-2 AS, om trongen for takrenner på husa, noko den erfarne restaureringssnikkaren kontant avviste.
– Berre over inngangsdørene, var svaret frå Sunde.
Start til hausten
Elles var prosjektleiaren oppteken av at det som skal gjerast i tunet, må vere synleg for folk flest, og han såg føre seg planlegging utover hausten.
Kommunen sin mann i prosjektet, tidlegare kommunalsjef i Jølster, Thor Ove Farsund, håpte på ein forsiktig anleggsstart til hausten ein gong.
– Det skal bli spennande å kome i gang, sa landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen. Som fagansvarleg for restaureringa av hagen har ho traska rundt i Astruptunet sidan 2015, og ho har levert ein solid rapport med dokumentasjon på korleis hageanlegget til Nikolai Astrup såg ut for 100 år sidan.