Foto: Screen Story/TV2.

Arbeider i krigsherja og svært farlege område



Måndag 7. januar har TV2 premiere på den nye dokumentarserien «Korrespondentene». Her følgjer TV2 eigne utanriksreporterar på reportasjereiser i nokre av dei farlegaste områda i verda. Éin av dei er Sonja Skeistrand Sunde frå Gloppen.

I serien får sjåarane bli med bak kameraet når reporterane dekkjer krig, katastrofar og terror verda over, og ein får eit innblikk i korleis arbeidsdagen deira artar seg.

– Viktig å vere til stades

Målet med serien er å bli kjend med menneska som formidlar utanriksnyhende. Desse reporterane går med passet i lomma, klare for å reise kvar som helst på kort varsel. Dei dreg til område som folk flyktar frå for å fortelje kva som skjer og forklare kvifor.

TV2 følgjer Sonja Skeistrand Sunde når ho skal dekke krisa i Jemen og presidentvalet i USA. Pål T. Jørgensen og fotograf Halkawt Mustafa reiser til fronten i Irak for å rapportere frå kampen mot IS, medan Øystein Bogen og fotograf Geir Huneide kastar seg på første fly til Italia der over 300 menneske har mista livet i eit jordskjelv.

Frå nyhendedisken i Bergen følger vi utanrikssjef Aslaug C. Henriksen når ho må ta raske og vanskelege avgjerder om kva saker som skal prioriterast. Dette må alltid vurderast opp mot omsynet til medarbeidarane sin tryggleik.

– Det å vere til stades er viktig – å sjå verda med eigne auge og prøve å forstå. Tryggleiken til dei vi sender ut går alltid først, seier Henriksen.

Trivst svært godt

Sonja Skeistrand Sunde har jobba i TV2 sidan 2002. Ho hadde praksis i TV2 medan ho studerte journalistikk i Volda, og fekk veldig lyst til å halde fram i kanalen. I 2004 byrja ho i utanriksavdelinga.

– TV2 har ni utanriksreporterar og éin koordinator. Vi har éin korrespondent i USA, resten av oss er stasjonerte i Bergen og reiser ut når det skjer ting eller når vi har planlagde reiser. Ingen blir tvinga til å reise på oppdrag. Det skjer sjølvsagt heilt frivillig. Har ungane fødselsdag ein av dei komande dagane, kan eg takke nei til å reise. Men samtidig må vi vere budde på å reise kvar som helst når som helst, seier 40-åringen frå Sandane.

– Korleis trivst du i denne jobben?

– Eg trivst svært godt, elles hadde eg ikkje blitt verande. Det er lite utskifting i utanriksavdelinga i TV2. Eg har jobba i avdelinga i 15 år og er framleis ein av juniorane, smiler ho.

– Utfordrande arbeid

Oppdraga er utfordrande på ulike måtar. Å dekke krisa i Jemen i to veker i januar-februar i fjor er noko av det ho hugsar best.

– Først var det vanskeleg å kome seg inn i landet, og vi kan ikkje reise inn utan nødvendige papir. Vi må ha eit pressevisum å vise fram når vi blir spurt, og det blir vi heile tida av både styremaktene og andre. Det var også vanskeleg å jobbe i landet. Mange vurderingar knytt til tryggleik måtte gjerast, fortel ho.

Når reporterane reiser ut, har dei alltid planlagt turen godt på førehand.

– Vi hentar alltid inn så mykje informasjon som mogleg om det området vi skal til. Vi hadde opp mot åtte væpna vakter med oss i Jemen, og bilane vi brukte vart nøye undersøkt. Vi overnatta i såkalla «safe houses», solide hus i så trygge omgjevnader som mogleg og som ikkje var kjende for andre. Alle opplevingane er utfordrande. Det kan vere born som svelt, eller born som døyr av sjukdomar som lett kunne ha vore behandla viss det ikkje var krig. Nokre har mista ein fot eller familiemedlemmer i eit bombeangrep. Det er ikkje kjekt å sjå, slår ho fast.

Raskt tilbake i kvardagen

– Kva gjer de for å leggje dei sterke inntrykka bak dykk?

– Det går ganske automatisk når eg kjem inn døra heime og dottera mi på snart åtte år og sonen min på ni kjem springande. Det hjelper å få ein god klem av dei. Kvardagen kjem raskt tilbake når ein har eigne born. Då forstår eg at eg er ein heilt annan stad på kloden. Elles har vi alltid debriefing i TV2 når vi kjem tilbake frå ein tur. Vi har også ståande tilbod om profesjonell hjelp om vi treng det, fortel ho, men legg raskt til at det ikkje er slik at ho klarer å gløyme alt.

– Sjefen vår, Aslaug C. Henriksen, driv også jamleg debrief under reisene. Ho er på tråden til alle tider for å passe på at alt går bra, og følgjer oss digitalt via sporingseiningar når vi er i risikoområde. Det er nok ho som har den mest intense jobben av oss alle, meiner Skeistrand Sunde.

Kor mange utanlandsreiser ein reporter har i løpet av eit år, varierer veldig.

– Det kjem mellom anna an på om vi har andre prosjekt vi held på med heime i Noreg. Under valet i USA, vitja eg dette landet tre gonger i løpet av tre månader. Då er det litt intensivt, men deretter kan ein ta det med ro i nokre månader, peikar ho på.

– Eit ærleg innblikk

Når Sonja Skeistrand Sunde er på oppdrag i utlandet for TV2, har ho ein familie heime som ventar på ho.

– Det går som regel veldig fint. Eg har ei sprek mor frå Sandane, Ingebjørg Årlid, som kjem til Bergen med bussen når eg skal ut og reise. Ho held fortet medan eg er vekke. Mannen min er ingeniør i Veidekke og startar arbeidsdagen klokka sju, ofte på eit anlegg. Då er det litt vanskeleg for å han å få borna på skulen, men dette tek bestemor seg av, fortel ho.

Kontakten med familien blir mellom anna oppretthalden gjennom videosamtalar på telefon.

At TV2 har laga ein dokumentarserie om utanriksreporterane sine, håpar Skeistrand Sunde er positivt.

– Det er eit stort steg utanfor komfortsona at søkjelyset vert retta mot oss. Vi er ikkje vane med å snu kameraet, men samtidig kan det kanskje vere greitt å gjere det i tider der media blir skulda for å spreie falske nyhende. No får folk sjå korleis vi faktisk jobbar. Dette skal vere eit ærleg innblikk i vår måte å gjere det på, seier ho, og legg til at serien består av fem program.

Foto: Eivind Senneset, TV2.