– Dersom vi ikkje får lagerplass, må vi stengje ned
«Loppegeneral» Aase Ryssdal Sæther er lettare fortvila. I løpet av kort tid må hundrevis av lopper få ny lagerplass. – Viss ikkje står vi i fare for å måtte stengje ned, seier ho.
Loppemarknaden under Sandane-dagane har lange tradisjonar som trekkplaster for glopparar og tilreisande. Gjennom betydelege dugnadsinnsats har loppemarknaden kvart år resultert i midlar til kyrkjelydsarbeidet, særleg med fokus på ungdom.
Gje opp
Ikkje minst har loppemarknaden gjeve nytt liv til mangt som elles ville hamna hos Nomil. Loppemarknaden har derfor også ein viktig miljøeffekt, men no nærmar krisa seg.
– Vi finn rett og slett ingen stad å gjere av oss, fortel Aase Ryssdal Sæther. Hundrevis av lopper, stor som små, krev nemleg betydeleg lagerplass. Historisk sett har Datainstituttet velvillig stilt areal til disposisjon sidan den tid Oddlaug Vereide var primus motor.
– Og vi er ikkje kasta ut, men her er det snakk om at vi i mange år har teke oss til rette hos ei privat verksemd. Datainstituttet har gjort ein stor innsats for oss, seier Aase.
Les meir i papirutgåva fredag.