Servitør i særklasse
Geir André Erikstad var servitør med stor S då Jølster slo Gaular 5-2 på Skei stadion torsdag kveld.
Årdølingen hadde målgjevande til alle Jølster sine mål, som vart sette inn av André Njøsen Norevik (2), Arild Øygard, Severin Halland og Stig Henning Sunde.