Håkon Fjellestad bur for tida på Rena, og er ein del av staben i Telemark bataljon. – Vi har eit viktig samfunnsoppdrag og vil vere dei første Hæren sender dersom det blir krig, seier han.

Håkon er tilsett i Telemark bataljon

Håkon Fjellestad har ein bachelor i leiing og militær logistikk frå Forsvarets Høgskole, og har sidan august i fjor vore tilsett i Telemark bataljon (TMBN). I desse dagar gjer fenriken seg klar til å delta i ei stor øving i Tyskland.

Telemark bataljon er ei profesjonell kampavdeling som til ei kvar tid skal vere klar til å løyse alle typar oppdrag i inn- og utland. Dette er også Forsvaret sin største bidragsytar i internasjonale operasjonar.

Ein del av staben

Bataljonen høyrer heime på Rena leir i Østerdalen, har ingen vernepliktige soldatar og er underlagt Brigade Nord, som er kjernen i Hæren. Håkon er ein del av staben, som har ansvaret for operasjonsplanlegging, koordinering og leiing av dei ulike aktivitetane i bataljonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er tilsett som logistikkoffiser, og har hovudansvaret for å planleggje logistikkoperasjonar. Det handlar om å få ting på rett stad til rett tid i riktig mengde og riktig kvalitet, fortel han, og legg til at han har hatt ei bratt læringskurve.

Til Tyskland etter påske

Saman med Telemark bataljon skal han til Tyskland for å delta på NATO-øvinga Wettiner Schwertz like etter påske.

Det er eit omfattande arbeid som blir lagt ned for å flytte materiell frå Rena til Tyskland om dagen. Etter påske skal Telemark bataljon delta i ei øving der.

– I det siste har vi difor arbeidd med å flytte materiell frå Rena til Tyskland ved hjelp av både tungtransport, tog og lasteskip. Det er ein stor operasjon i seg sjølv å skulle flytte fleire hundre køyretøy, seier han.

Det er Håkon som har utarbeidd planen for logistikkoperasjonen og gjeve ut ordren for korleis ein skal deployere til Tyskland.

– Kring 30 personar har jobba døgnkontinuerleg i to veker med å forflytte alt materiellet. Etter øvinga skal alt materiellet fraktast heim igjen.

Skal samtrene

På rullering har NATO til ei kvar tid ein styrke som har høgare beredskap og kortare reaksjonstid enn andre.

– No er Telemark bataljon ein del av denne styrken i lag med ein tsjekkisk bataljon og nokre tyske bataljonar. Under øvinga i Tyskland skal vi trene i halvanna veke i lag med dei. I tillegg til at vi skal samtrene, skal vi demonstrere evne til deployering, nemleg at vi klarer å flytte ein militær styrke, fortel Håkon.

Over 600 soldatar skal til kontinentet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi skal rett og slett bruke charterfly, og dette blir min første chartertur. Når ein snakkar om chartertur, er ikkje dette det første ein tenkjer på.

– Kult miljø å vere i

Håkon trivst i Telemark bataljon, og likar fokuset på profesjonalitet og operasjonar.

– Det er kult å vere del av eit så dyktig miljø. Eg kan vere sosial her i helgane, men det er heller ikkje vanskeleg å ta seg ein tur heim eller besøkje vener frå vidaregåande eller studietida. Eg har til dømes hatt fleire turar til Bergen, og sist helg var eg heime i Gloppen for å vere vakt under Haugtunrevyen, seier han.

Han tykkjer det er ekstra kjekt å ta turen når det skjer noko på heimebane som han kan vere med på.

Har studert spansk

– Kva er bakgrunnen for at du har valt ein militær yrkeskarriere?

– Då eg var ferdig på Firda, flytta eg til Madrid for å studere språk og kultur ved universitetet i denne byen. Ut på våren kom koronaen, og eg enda opp med å sitje på kammerset i Fjellbygda og lese spansk. Det var ikkje planen, seier han, og held fram:

– Etter å ha lese meg litt opp, fekk eg sansen for mange av dei utdanningane som Forsvarets Høgskole tilbyr. Eg søkte og fekk plass på opptak, og kom deretter inn på denne skulen. Utdanninga var delt. Det som handla om Hæren, tok eg på Krigsskulen i Oslo. Logistikkfaga tok eg på Sjøkrigsskulen i Bergen. Eg tok ein sjanse og batt meg til Forsvaret i seks år. Det har eg ikkje angra på. Etter tre års utdanning følgjer det tre pliktår.

I konfirmasjon til søskenbarnet i fjor vår var Håkon ikledd ein av Forsvaret sine gallauniformer.

I militæret ein del år

Han ser likevel ikkje føre seg at han blir verande på Rena til han blir pensjonist.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rena er ein liten plass i Innlandet. Når eg kjem i fly over fjorden og ser kor fint det er i Gloppen, kjenner eg på det. Det er ein fantastisk stad å bu.

Han kjem til å jobbe i militæret i ein del år, men så kan det hende han finn på noko anna etter kvart.

– På sikt kan det vere aktuelt å flytte heim, men det blir ikkje med ein gong. Eg er saman med ein sogning, Oskar, og det er dermed ikkje sikkert at eg får gjennomslag for å flytte heim. Kanskje blir det Lærdal, seier han.

I 2022 hadde Håkon med store delar av logistikk-klassa si på sauesanking i Fjærland, der onkelen i Fjellbygda har sauer på beite om sommaren.

Vil stige i gradene

For offiserar er det vanleg å skifte stilling etter to år og stige i gradene.

– Jobben eg har no vil eg vere ferdig med sommaren 2025. Deretter er planen å bli løytnant og troppsjef i ei anna avdeling enn Telemark bataljon for å få ei variert erfaring, fortel han.

Då skal han over i Stridstrenbataljonen. Dette er ein logistikk-bataljon i den norske Hæren med ansvar for å stille transport-, forsynings- og vedlikehaldsressurser tilgjengeleg for andre avdelingar i Brigade Nord. Bataljonen har base i Rusta leir på Bardufoss, men har også eit kompani i Rena leir.

Likar at det skjer mykje

– Eg likar at det skjer mykje og at eg får prøve meg på mange ulike oppgåver. Å byte jobb annakvart år vil vere utenkjeleg for nokon, men eg tykkjer det er fint, peikar Håkon på.

– Kan du risikere å måtte bidra i utanlandske operasjonar i urolege område?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan fort skje, og eg er klar for det. Som medlem av NATO kan Noreg vente å få hjelp frå andre land om vi skulle trenge det. Då må vi òg vere klare til å hjelpe våre allierte ved behov. Det er dette vi trenar på kvar dag, og det er også bakgrunnen for at vi skal øve i Tyskland og har folk stasjonert i Litauen. Sjølv om ein ikkje direkte er i fronten, vil logistikk også vere eit mål i krig. Det må ein ha eit medvite forhold til.

– Firda er ein god skule

Håkon likar å følgje med på det som skjer heime, og som tidlegare elevrådsleiar på Firda er han svært lite glad for forslaget om å leggje ned studiespesialisering på Sandane.

– Eg gjekk sjølv på denne linja, og meiner Firda er ein veldig god skule. I 2017, medan eg gjekk der, vart skulen tildelt «Dronning Sonjas skolepris for likeverd og inkludering». Det er eit sterkt vitne om kor bra skulen er. Å leggje ned denne linja må ein for all del unngå, slår han fast.

Kontakt heimover

Håkon har meldt seg på Nordfjord-Treffet på Sandane i påska, og ser at det finst mange spennande bedrifter i regionen og ønskjer å få betre kjennskap til desse.

Mor hans er inne på eigarsida i Nordfjord Aktiv, og 24-åringen er med i komitéen som skal planleggje ny vassportfestival i august.

– Litt kontakt heimover er det viktig for meg å ha, smiler han.